Barnas turlag Stord / Fitjar hadde i går avslutning på årets sesong. Borna fekk gå i refleksløype frå Kraftstasjonen på Lundseter til Lundarstøl. Dei markerte avslutninga på årets topptrim med utdeling av premiar til dei som hadde vore på minst tre fjelltoppar.

– På stien fra kraftstasjonen ved Lundsæter talde me refeksar inn mot Lundarstøl. Vel framme kunne dei som ville steike seg mat på bålet. Det vart etter kvart trangt rundt bålgryta. Over 100 stykke hadde tatt turen i haustmørket på fjellet.

Dei som ville kunne delta på skattejakt. Ved hjelp av lommelykta kunne ein spore opp skattar som var gøymt i området.

Heile 45 hadde besøkt minst 3 av 4 fjelltoppar! Alle desse får premie for vel gjennomførte fjellturar.

– Me avslutta stunda med trekking for alle som hadde delteke på topptrimmen. Me takkar for alle dei som har delteke på våre turar og ynskjer alle som vil vera med velkommen til neste års turar, skriv Wenche Nygård.

Arrangementet var ope for alle barmefamiliar på øya.