Våre lokale produsentar fekk gode tilbakemeldingar då dei presenterte produkta sine i Fitjar sentrum i dag.

Både småpotetane som Gisle Vik hadde kokt ei heil panne av, og den grilla auren frå Sjøtroll, tillaga av «grillmeister» Ronny Korneliussen, smakte aldeles fortreffeleg.

Vidare hadde fitjarbuen og andre høve til å handla seg ferske egg frå Hogste egg, honning frå Dåfjorden og saueskinn frå Fodno. Mykje flott og god stemning mellom folk som koste seg i sentrum.

Skikkeleg grov skogskaffi, der me nesten tygde på gruten, gav både varme i kroppen og spennande smak i det vakre vintervêret i føremiddag.

Alt i alt eit flott tiltak ein gjerne bør halda fram med.