Bjarne Korsvik, busett på Stord, kjem 18. september på marknaden med boka «Minne frå ei svunnen tid». Dette er lokalhistorie på sitt beste.

Det er mange skriveføre folk mellom oss som ikkje har gjeve ut noko bok. Mange av dei har likevel skrive eitt og anna for at familie og vener skal få vita noko av det dei har opplevd. Slik er det med Bjarne Korsvik. For ein god del år sidan laga han eit stensilert hefte med dette føremålet.

Fitjarposten har i tillegg til avis òg gjeve ut bøker med stoff frå Fitjar, med forfattarar som Tora Vestbøstad, Lidvald Stubhaug og Magnar Kloster. Då Fitjarposten fekk lese heftet til Korsvik, kom ein til at det er grunn til å tru at folk i heile Sunnhordland, ja, Vestlandet med, vil kjenne seg att i det Korsvik skriv.

Levande formidling
Bjarne Korsvik, som no er busett på Stord, er fødd tidleg på 1930-talet og voks opp i Korsvikjo på Fitjar. Han fortel levande om krigsåra, om familieliv, båtpuss, jordbruk, sildefiske og vitjing av splintar. Vidare får me høyre om vekkingsmøte på bedehuset, om skulegang og då han fòr ut på fiske som skårunge.

Kapittel om den første bilen han kjøpte, om militærliv og om ei svært dramatisk ferd over fjorden i båt, finn me òg.

Lokalhistorie på sitt beste, synest me.

Ingressbilete: Bjarne Korsvik med manus til boka. Foto: Håkon C. Hartvedt

Boka vert lansert førstkomande torsdag i Fitjar seniorsenter kl. 17.00.
På Stord: Grand hotell, kl 11.00. Boka koster kr 249,- (Ny pris!)

(ANNONSE)