Lokale stjerner lyste opp den kalde og våte hausthimmelen då Fitjar-Festivalen baud på vise- og lyrikk-kveld i Kultursalen fredag kveld.

Det var eit svært variert program arrangementskomiteen med Terje Vidar Vestvik i spissen hadde sett saman. Lokale artistar gav publikum ei oppleving me seint vil gløyma. Kvelden vart leia med stø hand og like stø røyst av Håkon C. Hartvedt, som krydra programmet med morosame historier frå heimbyen sin, Bergen. At dei ikkje var heilt sanne, la ikkje noka demping på stemninga. Både konferansieren og dei medverkande artistane fekk god kontakt med eit takknemleg publikum.

Først ute var Ole André Westerheim, som sette seg ved flygelet og song «Vår beste dag» av Erik Bye. Med den varme tolkinga av denne kjære visa var tonen for kvelden sett. Samarbeidet med Cathrine Kristiansen på scenen var fint i ein Rita Eriksen-prega versjon av «Sønnavindsvalsen» og «Floden» av Bjørn Eidsvåg.  Stemninga heldt seg då jenteduoen Ingvild Oma og Marte Volden Nordfonn entra scenen. Dei imponerte med trygg og melodiøs framføring av Vamp-låten «Ved bredden», «Eg ser» av Bjørn Eidsvåg og «Til ungdommen» av Nordahl Grieg. Særleg rørande var nok den siste låten, godt tolka av unge artistar!

Per Drønen har etter kvart markert seg som ein humoristisk opplesar med klar diksjon og god kontakt med publikum. Av humringa i salen kan me slå fast at han ikkje svikta denne gongen heller. Forteljinga til Jimmy Øvredal om Stølatræ-Jens’n og Nils’n i Bakkjen på hjortejakt slo som vanleg svært godt an. Humor med ein litt djupare botn var det i dikta som Sigrid Fangel las for oss. Temaet var fuglar, og dikta var skrivne av Gro Dahle, Rolf Jacobsen og Arild Nyquist. Ho formidla dikta på imponerande vis med innleving og ei klangfull og behageleg røyst. Den erfarne opplesaren Eli Simonsen framførte eit «potpurri» av barnlege dikt og andre tekstar, til stor glede for eit noko tilårskome publikum. Den siste opplesaren for kvelden var Henning Wichmann, med den kjende prologen «Slaget på Fitjar», av dei tre brørne frå Vik. Låtten i salen auka på etter kvart som historia gjekk over stokk og stein.

Pia Drønen og Håkon C. Hartvedt framførte låtar som høvde godt inn i stemninga for kvelden, før Fitjar ad hoc ensemble entra scenen. Martin Hatlevik, Ole Christian Ottestad, Heine Helland, Steinar Vik og Harald Rydland har me hatt gleda av å høyra ved liknade høve før. Dei plar ikkje skuffa, og det gjorde dei ikkje denne gongen heller. Men den som sjarmerte oss mest av alle, var ein ungdom som ikkje har har vore med dei før. 12 år gamle Silje Rydland imponerte med ei kraftig og klangfull røyst då ho song «Idas sommarvisa» av Astrid Lindgren. Dette er ei røyst me håper å få høra meir til!

Våre lokale artistar innfridde alle forventningar denne gongen òg – så det burde ha vore fleire enn eitt hundre i Kultursalen denne hustrige haustkvelden. Me får seia som arrangør Terje Vidar Vestvik: «Til dei som ikkje kom – her skulle dei ha vore!»