Noreg har hatt nesten 150 lokale folkerøystingar i løpet av dei siste tolv åra.

I løpet av 2000-talet har det til nå blitt halde 146 lokale folkerøystingar i Noreg, skriv NRK Rogaland i dag.

Rogaland, Møre og Romsdal og Hordaland har hatt flest folkerøystingar. Dette viser statistikk som NRK Rogaland har henta frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

I perioden 2000-2012 har det i Hordaland vore 21 folkerøystingar. Med dette talet legg Hordaland seg på topp av fylka i Noreg, med flest gjennomførte folkerøystingar i perioden.

Statistikken frå SSB viser også at folkerøystingar om miljø er blitt meir utbredt dei siste åra. Folkerøystingar som blir kategoriserte som miljø handlar ofte om vindkraft, skriv NRK Rogaland.