I kveld vert det spela til dans i Fitjartun i Fitjar sentrum. Det vert non stop musikk frå klokka 21 til klokka 2.
Banda som spelar er The Revivals frå Fitjar og Slow Turning frå Stord/Bømlo.
Det er berre å komma ut av skapet og inn i Fitjartun i kveld, for her vert det liv og dans.
Musikken som vert spelt er alt fra CCR, Elvis og mykje anna godt i den stilen.
Dørene opnar klokka 20, og det er 18-årsgrense. Hugs legitimasjon dersom du er under 25 år.