Tradisjonen tru vil Radio Fitjar òg i år ha valsending med representantar for alle parti på plass, ei veke før valet Sendinga startar klokka 20.00 vil vare i to timar, og ein vil koma innom alle hovudområda i kommunepolitikken i løpet av sendinga. Også dette året vil representantane få velje seg musikk som vert spelt i programmet, og utspørjarar vil, som før, vere Ole Haukeland og Håkon C. Hartvedt. Nytt denne gongen er at det heile startar med ei uhøgtideleg ringspelkonkurranse, for å sjå kor treffsikre deltakarane er, alt på direkten. Radio Fitjar finn du på 105,9Mhz