På fredag kan du både smaka og kjøpa nye lokale matprodukt i sentrum.

Det gjeld i første rekkje laks frå Engesund fiskeoppdrett AS, slakta hos Sekkingstad på Sotra, og bringebær frå Fitjar Bær. Det heile startar kl. 11.00 på Sjøsio. Her får du smaksprøver.

Ønskjer du å kjøpa, kan du gjera det inne i butikken til SPAR.

I samband med arrangementet vert det òg litt marknadsføring for Fitjarfestivalen 5. -7. august.