1.mars vitjar Svanhild’s orkester Fitjar. Gjengen frå Bømlo spelar «Minnenes melodi», og håpar mange tek turen til Kultursalen fredag 1.mars.
Det er Fitjar seniorsenter som har fått Svanhild’s orkester til å ta turen, og dei seier alle er velkomne til denne kjekke songkvelden.
Kan du ikkje teksten? Ikkje noko problem, teksten kjem på storskjerm, so her er det ingen årsak til å ikkje stemma i.
– Bli med oss og syng, då vel, oppmodar arrangørane.