Førstkomande søndag er «Kom deg ut dag» i regi av Stord-Fitjar Turlag.

– Denne dagen ønskjer me å gje deg ein smakebit av friluftslivet, vonleg ein smakebit som gir meirsmak! Tilboda er gratis.

Kom deg ut-dagen vert arrangert av Den Norske Turistforening sine medlemsforeiningar rundt om i landet to gongar i året – i februar og september.

Stord-Fitjar Turlag markerer dagen i februar på Lundarstøl. I år vert det ikkje høve til å tenne opp noko form for bål. Men det skal likevel bli servert kokte pølser til alle som vil ha. Det vil bli òg arrangert aktivitetar rundt i området.

Me ønsker alle på Stord og Fitjar velkommen til ein triveleg søndagstur! skriv Wenche Nygård i Barnas Turlag Stord/Fitjar til fitjarposten.no.