Det siste året har det vore to ulike fotogrupper i aktivitet. På Klubben i Bedehuset for 5-7 klasse, og på U-Caf i Kultur-og idrettsbygget for ungdomstrinnet. No stiller dei ut hos Larsen.

-Det har vore svært uhøgtidelege økter. Lite teknikk og teori, men desto meire liv og lyst. Bileta er ofte fulle av spontan livslyst og fotoglede, og 14 av dei er no å sjå i første etasje hos Larsen Multihandel.

Bileta er tekne av ungdomane sjølve med lånt og ukjent utstyr, og er ikkje etterbehanda digitalt.

Utstillinga heng ut februar, og me takkar samstundes Larsen for flott utstillingsvegg, fortel Torbjørn Hovland, som er leiar for fotogruppene, til fitjarposten.no