Einingsleiar Iren Hamborg tek imot Sigurd André Maraas og verneutstyret frå Kværner. Foto: Kjetil Rydland.

Kværner på Stord er ei hjørnesteinsbedrift for oss i Fitjar, og i dag har den utflytta fitjarbuen i direktørstolen til Kværner, Terje Johansen, donert hundrevis av pustemasker og eingongsdressar til Fitjar bu- og behandlingssenter.

Som kjent har Fitjar kommune og pleieheimen vår svært tøffe dagar etter at det har blitt påvist koronasmitte blant dei tilsette. Derfor er gleda ekstra stor over den handsrekkinga dei fekk frå den store naboen vår i sør i dag.

På eit møte i kriseleiinga i Fitjar kommuen for eit par dagar sidan kom det fram at dei begynte å tæra faretrugande på lageret av pustemasker til pleiepersonalet i Fitjar. Då var gode råd dyre, men ikkje altfor dyre. Varaordførar Sigurd André Maraas tok kontakt med Terje Johansen, som er vaksen opp på Helland, og den aller første fitjarbuen i direktørstolen til den største bedrifta på Stord.

Og svaret frå Kværner-direktøren kom kjapt og var minst like positivt som Sigurd André hadde håpt på. I dag tidleg kom det mail frå Terje Johansen:

– Du kan berre komma og henta 500 eingongsdressar og 200 P3-masker!

Som sagt så gjort; Sigurd André møtte opp på Kværner og fylte den svarte Mercedes-en sin til randa med verneutstyr av mercedeskvalitet. 300 eingongsdressar og 200 pustemasker fekk han plass til. Maskene er av topp kvalitet, P3-masker, som blant anna blir nytta mot støv ved sliping og til maling i industrien, fortel Maraas.

Dette verneutstyret frå Kværner vil hjelpa personalet på Fitjar bu- og behandlingssenter å gjera jobben på ein trygg måte.

– Dette er ikkje eingongsmasker, understrekar industrimannen Maraas, som er sikker på at dei vil kunna bukast lenge, for pleiepersonalet i Fitjar kommune har gode rutinar for å ta vare på dei.

I ettermiddag leverte varaordføraren den dyrebare lasta i døra på Fitjar bu- og behandlingssenter. Der blei han teken imot med opne armar av Iren Hamborg, som er einingnsleiar for pleie- og omsorgstenestene i Fitjar kommune.

Hamborg og personalet på sjukeheimen var naturlegvis svært takksame for den livreddande handsrekkinga. Varaordførar Sigurd André Maraas er ikkje mindre takksam over at hjørnesteinsbedrifta Kværner stiller opp på denne måten, og bringar vidare helsinga han har fått frå Kværner-direktøren:

– Lykke til i ein krevjande situasjon, hels til alle kjende frå ein utflytta fitjarbu, skriv Terje Johansen.

Vimplane symboliserer at Kværner på Stord er ei hjørnesteinsbedrift for fitjarbuen.