Med si livsglede og songglede liva Fitjar barnegospel opp den tradisjonelle prostigudstenesta i Stord kyrkja torsdag kveld.

I samband med den årlege prostidagen på Stord vart det halde prostigudsteneste i Stord kyrkje der fleire barnegrupper frå Stord deltok i tillegg til koret frå Fitjar. Gudstenesta vart leia av prost Svein Arne Theodorsen, sokneprest på Fitjar Olav Joahnnes Oma og kyrkjelydspedagog frå Stord Brynhild M. Stautland.  Ungane i Fitjar barnesospel deltok i inngangsprosesjonen og hjelpte til med å bera på plass lys, kors og blomar i starten av gudstenesta. Saman med bandet sitt hadde dei to avdelingar der dei song av full hals og med stort engasjement. Den store livsgleda dei unge koristane synte såg ut til å smitta over på både prest og prost og resten av den fullsette kyrkja, og var eit særdeles flott og friskt innslag.