Fakkeltog og tenning av julegrana er faste innslag første søndag i advent.

Rundt omkring i sentrum går born og vaksne og kosar seg med litt julehandel mens butikkane er opne. Ein utruleg fin dag frå naturen si side når sola skin. Kald vind gjer at nokon samlar seg ved bålpannene, kanskje også fordi dei har lyst på kaffi, saft, varme pølser eller nysteikte lappar/vaflar. Elevar i niande klasse på Rimbareid skule står for matlaging og og sal (med hjelp av nokre foreldre) for å samle inn pengar til neste års Polen-tur. Fitjar skulekorps er på plass slik som tidlegare år, og spelar kjende og kjære julemelodiar. I kyrkja kan ein sitje ned ein knapp time og nyte vakker song og musikk. Folk ser ut til å ha god tid, dei fleste vil ha heile programmet med seg før heimtur. Nytt av året er innviing av flaumljoset ved kyrkja og Håkonarstatuen. Når alt dette er unnagjort, blir spørsmålet: Skal me gå heim eller vente til den tradisjonelle ljosmessa i kyrkja om kvelden?

Bileta vert større når du trykker nederst i høgre hjørne.