2. påskedag var søndagsskulen i Fitjar sentrum og Osternes søndagsskule samla til koking av påskeegg og grilling i Breiavikjo.

På den flotte, nyfjelga stranda samla det seg etterkvart over 100 små og store som koste seg ute i solskinet. Det var blitt svært så ope og fint ved stranda etter at friluftsrådet hadde rydda opp i buskar og kratt. Det hadde og blitt mykje bedre plass på parkeringsplassen, som viste seg å kunna romma minst 27 bilar.

Sjølv om det var mange bilar på parkeringsplassen var det ikkje alle som kom køyrande til Breiavikjo. Nokre kom syklande og ein gjeng kom med båt frå andre sida av vatnet. I tillegg til at båten var eit kjekt framkomstmiddel kom den og til nytte då ein ball fauk så langt ut på vatnet at det ikkje gjekk an å vassa etter den.

I strandkanten vart det kokt både egg og kaffi på bål, og det vart grilla pølser, karbonader, pinnebrød og ostesmørbrød. Maten gjekk ned på høgkant hos mange, men det var og dei som  ikkje hadde tid til å eta fordi det var så mykje anna spennande å finna på. 

I skogen var  det ei enkel sporløype, på plenen hoppa nokre tau, andre leikte med ball og atter andre laga demning i bekken. Mange leikte i vasskanten, og nokre av desse klarde å halda seg tørre på beina….. Nokre av dei eldste ungane tok av seg sokkar og sko før dei vassa uti, for å redda eit eller anna som hadde føke på vatnet.

3 timar fauk avgårde, og etterkvart vart stranda tømt for folk. Nokre skulle vidare i selskap, andre ville ta seg ein fjelltur og nokre ville berre heim til ein middagslur på sofaen eller nyta varmen i solveggen heime.

Etter ein lang påskeferie med variabelt ver vart denne fine vårdagen ei flott avslutting på ferien, og teken imot med stor takksemd!

Neste søndag vert det vanleg søndagsskule på Fitjar bedehus kl.11.00. For dei som deltek på kyrkjelyden sin tur til Helgatun vert det laurdagsskule laurdag føremiddag og så familiegudsteneste søndag føremiddag.