Fitjar bygdekvinnelag, Fitjar Husflidslag og Fitjar kommune skapte liv og røre på Årskog museum under jubileumsfeiringa i går.

På låven sat Einar og lagde maljer av tjøra hampetau, og sydde dei fast til skipssekken sin. Under kyndig av Petra Espevoll og Grethe Grimen fekk ungdommane tvinna tau av gamle dynetrekk. Resultatet blei bra, for me såg dei hoppa tau på bakken etterpå.

I gamlahuset fekk me sjå Synnøve Rydland kinna smør på gamlemåten. Og smaken var upåklageleg, det kan både Fitjarposten og over hundre fornøgde gjester slå fast. Også flatbrødet som Gerd M. Træet steikte såg ut til å gå ned på høgkant. I nordre stova sat Hilma Lønning og karda og spann, medan andre stoppa sokkar. I den andre stova sat Marit Hjelmen og broderte bunadsskjorte.

Utanfor nyehuset var det kafé med kaffi og noko å bita i. Ingeborg Malkenes demonstrerte oppstadvev inne i kjellaren. Her låg og gjesteboka, som viste at nærmare 100 gjester hadde vore innom. Men kultursjef Elise Aarbø i Fitjar kommune meiner det må ha vore rundt 200 menneske innom museet i løpet av den kalde men fine nordavindslaurdagen.