I samband med radio-innslaget Kanal 24 hadde med oss, lagde vi litt statistikk om kva me skriv om på fitjarposten.no

Frå 15.oktober til 18.desember hadde me lagt ut 100 saker på nettet. Og når me sorterte i desse, kom me fram til følgjande fordeling:

Kunst, musikk, husflid: 21%. Skole (barnehagane, barneskulane, ungdomsskulen og Vidaregåande): 17 %, Idrett: 16 %, Nyhende (inkl. ulukker): 13 %, Næringsliv: 8 %, Politikk: 8 %, Kyrkje- og kristenliv: 5 %, Andre saker (som ikkje passar inn i dei andre kategoriane): 12 %

Me skriv altså om litt av kvart. Så ønskjer me òg å vera ei nettsida for alle fitjarbuar, og andre som trivst på sida vår. Me er glade for at me no har nokre frivillige medarbeidarar i Øvrebygda (Turid Sandvik) og i Dåfjorden (Anne Kjærland). Men me vil gjerne ha endå fleire.

Uansett: Ikkje ver redd for å tipsa oss, eller for å sende bilde og /eller tekst til post@fitjarposten.no. Du kan òg ringja Håkon på 481 51 491.

Kanskje kjem nett di sak på nettet ?!

 

- Annonse -