Ikkje dei heilt store, men likevel litt skader på kaien og litt oljesøl, etter at båten frå Akvadykk gjekk ned ved Larsen-kaien. Skadane på kaikanten er nok det ein ser først, men ser ein utanifrå Tollakskaien, oppdagar ein at òg at nokre store steinar frå underkanten av kaien har falle ned i sjøen. Litt oljesøl har samla seg inne i kaikroken, men ikkje meir at det er grunn til å tru at dette er noko som vil forsvinne av seg sjølv etterkvart, om ein skal lytta til dei som heva båten.