A-laget til Fitjar måtte tola tap 2-5 mot Stord i ein treningskamp på kunstgraset torsdag kveld.

Stord gjek ut i stort tempo, og Fitjar-gutane sleit med å henga med. Særleg i første omgang kunne me sjå divisjonsforskjellen mellom laga. Og Fitjar blei etter kvart hard straffa for små personlege feil. Ved pause stod det 3-0 til Stord etter scoringar ved Morten Hillestad (2) og Jan Arne Vassnes.

I andre omgang kom ein del nye Stord-spelarar på banen, og dette svekka kanskje laget litt. I alle høve kom Fitjar meir på talefot med gjestene. To scoringar ved Jan Åge Tislevoll midt i andre omgang gav von om utlikning. Fitjar hadde ein god periode, og var nær ved å utlikna. Men i staden var det Stord som scora i sluttminuttane, slik at kampen enda 5-2 til gjestene. Scoringane kom ved Jørgen Tesdal og Johannes Johannessen, som begge fekk komma altfor lett til mot eit litt passivt Fitjar-forsvar.

A-lagstrenar Kjell Træet seier seg brukbart fornøgd med kveldens treningskap, trass i eit relativt klart tap. 

Fitjar sitt lag (3-5-2):
Oddgeir Træet, Martin Vestbøstad, Helge Træet, Andreas Torland, Kjell André Thorland, Leif André Tangen, Øyvind Fykse Lie, Mats Brakedal, Øystein Fitjar Waage, Jan Åge Tislevoll og Thomas V. Waage. Innbytarar: Brynjar T. Engelsen, Geir Steffen Tranøy, Torbjørn Korsvik og Bernt-Ove Maraas.