Det skjer ting i Fitjar sentrum. Gledelege tiltak for ein betre kvardag, for å ikkje seie heilagdag, for folk flest.

Den grove singelen på vegen opp mot kyrkjedøra er no erstatta med nytt dekke som gjer det mykje lettare både for rullestolsbrukarar og folk med barnevogn å ta seg fram. 

I tillegg har nok mange fått med seg at arbeidet med nytt inngangsparti til Rådhuset òg er kome i gang. Dermed vil tilgang snart bli sikra for alle som ikkje kan gå i trapper. I mellomtida må ein nytte inngangen på baksida av bygget. No er kundetorget å finne like innanfor den inngangen.

Som ein tredje ting er ein kome i gang med arbeidet på brannstasjonstomta. Då Fitjarposten var òg såg på arbeidet der, var Runar Thor Gudmundsson i gang med å sette opp forskaling for muren ut mot vegen. Han kunne òg syne oss at ein har laga hol til dei fire hjørnestolpane til pergalaen som skal kome opp på plassen.