Fleire arrangement denne veka syner oss at me nærmar oss advent og juletid.
Tysdag (17.11) og onsdag (18.11) vert det innsamling av julegåver til barneheimsbarn i Ukraina i kjellaren i Fitjar bedehus, og i Fitjar Bygdekvinnelag sin regi.
På torsdag (19.11) arrangerer Fitjar Musikklag den tradisjonelle marknaden sin i Gymsalen på Rimbareid. Det blir musikk av Fitjar Skulekorps og Fitjar Musikklag. Vidare vert det servering av mat og kaffi pluss to åresal. -Vi har masse fine gevinstar, både på bok og på åresalet, skrytt Trude Stegen i Musikklaget.
Laurdag (21.11) inviterer så Fitjar vgs til «open skule» med spanande elevaktivitetar, cafe`, barneteater, loppemarknad og mykje meir!
Vidare er Sunnhordlandskalenderen igjen på marknaden. I år med mellom anna to dikt av Lidvald Stubhaug og eit måleri av Bjørg Strømme.
Me tek òg med at Stord Kunstlag opnar ei medlemsutstilling i Kunsthallen i Stord Kulturhus onsdag (18.11), der mellom anna Bjørg Strømme er med. Utstillinga vert ståande til 6. desember.
Sjå elles kalenderen vår på nettet.