Eli Simonsen har sendt oss ein e-post med informasjon om neste temakveld i kyrkja.

Førstkomande torsdag 25. september er det duka for ny temakveld i Fitjar kyrkje. Denne gongen får me besøk av biskop em. Ole D H.Hagesæter. Han var biskop i Bjørgvin frå 1994 til 2008. Mange har møtt han i ulike kyrkjelege samlingar, som t.d. bispevisitas, gamaldags gudsteneste i samband med torgdagane m.m. Me har møtt han, me har høyrt han forkynna, men minne frå bispelivet har me ikkje fått så stor del i. Det ser me fram til å høyra om på torsdag.

Gurid Refvik og Harald Rydland vil gle oss med song og musikk. Velkomne!

 Ingressbilete: Biskop em Ole D H Hagesæter. Foto privat..

 ANNONSE