Mykje folk, bra omsetnad og god gammaldags julestemning prega julemarknaden som blei avvikla i Litla-Ola-tunet på Helland i går.

– Eit konsept i mi ånd! smiler Irene Torvund om julemarknaden på Helland. Ho er ei av dei som deltok med salsbod på julemarknaden i går. Ho konstaterte med glede at strikkaprodukta hennar fekk bein å gå på.

Stemningsfullt i tunet på Helland i går ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.

Mindre fornøgd er ikkje Reidun Ahrens Helland, som har skipa til denne første julemaknaden på Helland, saman med ektemannen Arnt. Heile 700 var innom i løpet av dei sju timane marknaden var open.

Og tilbodet i dei ulike bodene var variert: Margareth Tislevoll selde varer frå Fitjar Gardsmat, Tone Koløen hadde mat frå Hogste gardsmat; Synne Aarbø selde tråd, Hilde Volden de Fine selde produkt frå mohairgeiter. Johannes Koløen stilte med dei heimelaga knivane sine, Irene Torvund med strikkaprodukta, og Solveig Thomassen steikte lappar og selde raunebærgelé. Nina Aarbø Olsen hadde med seg heilt ferske kort og plakatar.

Lokale musikantar var med og skapte ekte julestemning. Skulekorpset, med slagverk og det heile, stod for ei fantastisk flott opning. Etter kvart kom Årstein Tislevoll, Harald Rydland på trøorgel, Arve Rydland med song og Hans Kopperstad på fiolin. Og i kveldinga blei det nydeleg song ved elevar frå Kongshaug Musikkgymnas.

Fitjar Skulekorps skaper julestemning på Helland.

Arrangøren gler seg naturlegvis stort over at så mange nytta høvet til å kjøpa gåver og julemat. Og ville vera med og dela førjulsstemninga i Litla-Ola-tunet.

Reidun Ahrens fortel at julemarknaden er over for i år. Men sjølv held ho ope i Litla-Ola-tunet framover mot jul, kvar torsdag, fredag og laurdag, til og med 22. desember.

- Annonse -