Knut Vik er den einaste Fitjar-skyttaren som er igjen på Oppdal i dag når dei beste skyttarane i landet skal kåra årets skyttarkonge.

Han fortel til Fitjarposten at han gler seg til å sjå dei 15 beste skyttarane i aksjon torsdag kveld. Då skal kongelaget avgjera kven som blir årets skyttarkonge, skyttarprins og skyttarprinsesse. Skytinga går direkte på NRK1 frå kl. 20.00.

Sportsleg blei ikkje Landsskyttarstemnet i år den store suksessen for alle dei fire deltakarane frå Fitjar Skyttarlag. Verken Randi B. Rydland eller faren Nils K. Rydland skaut opp mot sitt beste denne gongen, og var eit godt stykke unna finaleplass. Det same var Knut Vik, som fortel at også han har skote betre før. Den beste Fitjar-skyttaren denne gongen, var Jakob Vik, som bør vera godt fornøgd med innsatsen sin. Han skyt i klasse 3, der han blei nr. 15, av 637 deltakarar. Dermed fekk han med seg eit stort sølvbeger, sjølv om han var eit lite stykke unna ein finaleplass.   

– Jakob skyt ikkje så mykje for tida, så dette er ein veldig god prestasjon, seier Knut Vik.

No er både Jakob og dei to skyttarane frå Rydland reiste heim, men Knut er ikkje ferdig enno. Han er oppteken med ymse plikter under Landsskyttarstemnet, som Vestlandet sin representant i Det Frivillige Skyttarvesens Ungdomsutval. Han har stått på stand og drive med informasjon og andre praktiske gjeremål under stemnet.

– Men me må ikkje gløyma den beste delen av jobben, seier Knut: Å dela ut medaljar til juniorskyttarar er kjekt! 

I år er Knut på Landsskyttarstemnet for 17. gong på rad, og fortel at han set stor pris på ha blitt kjend med skyttarar og tillitsvalde frå heile landet. No gler Knut seg til at kongelaget skal gjera opp seg imellom i kveld, og så gjeld det å sjå framover. Landsskyttarstemnet 2014 blir avvikla på Sandnes, altså mykje nærmare enn i år. Då reknar Knut med at det blir lettare å få sambygdingar med seg, og vonar å dobla påmeldinga frå Fitjar.