Torsdag denne veka var den årlege SeniorSurf–dagen, med seniorar og data i fokus.

Folkebiblioteka i Stord og Fitjar markerte dagen med å setja søkjelyset på å låna såkalla e-bøker.

– Dette er eit tilbod om å låne bøker og andre media digitalt. Du kan bruke datamaskin, mobiltelefon eller andre handhaldne einingar.

Det er høve til å låne fleire bøker samstundes, og når lånetida er over vert så bøkene automatisk levert attende. Dette er eit tilbod folkebiblioteka har hatt nokre månader, men tilbodet er under utprøving. Det er eit tilbod for alle brukarar over 15 år, men me vil gjerne trekkje det fram litt spesielt no i samband med SeniorSurf, skriv biblioteksjefane Silje Vågen Torbjørnsen og Bjørnar Whitbro i ei pressemelding.

På folkebiblioteket i Fitjar sat kunnig personell klar til å ta imot leselystne seniorar. Her kunne ein få demonstrert korleis ein låner e-bøker og les dei på mobiltelefon, lesebrett eller iPad.

Men frammøtet var heller magert – det let til at seniorane i Fitjar surfar på ei anna bølgje nett no, etter opninga av seniorsenteret for eit par dagar sidan.

Biblioteksjef Silje Torbjørnsen gir likevel ikkje opp. Ho seier seniorar til liks med alle andre er meir enn velkomne innom når som helst i opningstida. Og ho lovar at dei skal få den hjelpa dei treng. 

Ho fortel at du må ha nasjonalt lånekort for å låna e-bøker; dette kan du få hjelp til dersom du ikkje alt har eit slikt kort. Utvalet gjeld førebels romanar, krim, fagbøker og barnebøker, men det kjem stadig nye e-bøker til.

 

Ingressbilete: Robert Reigstad konstaterer at ikkje alle mobiltelefonar er like enkle å lesa e-bøker på. Foto: Silje V. Torbjørnsen.