Resultatet etter skjøtselstiltaka som er gjort i Rimbareidtjørna er større vass-spegel, bedre gjennomstrøyming for vatnet og ein gamal tresko.

Rimbareidtjørna naturreservat vart verna i 1995 for å ta vare på eit viktig trekk og hekkeområde for våtmarksfugl. Totalt har det blitt observert 88 fugleartar i reservatet og av desse er 21 raudlista.

Fugleklubben poengterer at Rimbareidtjørna er unik, t.d. var dette første plassen i Hordaland ein hadde hekkande dvergdykkar. Det var i 1998.

Tjørna er av ulike grunar i endring, det føregår bl.a. attgroing, og ein fryktar at dette kan føre til  at området ikkje lenger oppfyller dei krava våtmarksfuglen set til leveområda sine. Miljøvernavdelinga meiner at hovudutfordringa i området har vore, og er, attgroing og framande artar. Derfor vart det satt igang eit arbeid i miljøvernavdelinga hos fylkesmannen med å laga ein forvaltingsplan med bl.a. planar for skjøtselstiltak for å ta vare på kvalitetane i naturreservatet.  

Aldri før har vel ei sak kome så raskt i gong og aldri før har fylkesmannen vore så effektiv. 28. april 2008 vart det meldt oppstart av planprosessess, 4. juni 2009 kom utkastet til forvaltingsplan ut tilhøyring, 10. august var det høyringsfrist, 17. august same år vart planen vedteke og allereie 3 dager seinare, dvs 20. august starta skjøtselstiltaka.

«Her har det verkeleg gått unna», seier Magnus Johan Steinsvåg som har utarbeida planen. Tiltak som var skissert i forvaltingsplanen vart satt igang med det same . Det vart satt av pengar til tiltak og då var det berre å setja igang. Ein del av midlane var ekstrabevilgningar frå staten og ein kan gjerne sei at dette var eit resultat av finanskrisa. Stein Byrkjeland og Magnus Johan Steinsvåg som er rådgjevarar ved miljøvernavdelinga hos fylkesmannen er særs nøgd med resultatet etter det som er gjort ved naturreservatet Rimbareidtjørna. Dei meiner dei i denne omgang har fått auka sirkulasjonen i vatnet, dei har ved  å opna opp aukt slukeevna til utløpsbekken og dei har fått reinska utløpa til ulike dreneringsrøyr, og håpar at og grunneigarane vil ha glede av dette. Folka frå miljøvernavdelinga skryt då og svært over samarbeidet med grunneigarane på Rimbareid.

Skjøtselstiltaka består av ulike trinn, og miljøavdelinga ser seg no ferdig med trinn 1. Vidare ynskjer ein tiltak mot framande treslag, og ein planlegg at ein skal ta til med det hausten 2010. Miljøvernavdelinga har ein visjon om at Rimbareidtjørna skal gå «Frå  ingenmannsland til attraksjon», fordi ein her har store naturkvalitetar i gangavstand frå både Fitjar sentrum og frå barne -og ungdomsskulen i sentrum.

Magnus Johan Steinsvåg minner om at mange raudlista fugleartar er å finna i og rundt Rimbareidtjørna, og sier at ein no skal dokumentera effekten av tiltaka. Han er oppteken av at eit naturområde med så store kvalitetar må leggjast til rettes for allmenheiten, og han ynskjer å jobba mot å få til ein natursti frå parekeringsplassen i Rimbareidfeltet ned til eit planlagt fulgetårn i vasskanten. Sjølvsagt står og fell alt på om ein får tildelt ressursar. Han ynskjer og å auka informasjonen  om området og det er no laga til ei eiga nettside for tjørna under Miljøstatus i Hordaland. Sida har fylgande adresse: http://hordaland.miljostatus.no/msf_frontpage.aspx?m=882

I tillegg er det ei side på nettet som heiter artsobservasjonar. no, der ein både kan registrera observasjonar og ein kan gå inn og sjå andre sine observasjonar. Det ligg allereie artsobservasjonar der frå «vår» tjørn: http://www.artsobservasjoner.no/

Folka frå fylket får ikkje rost prosjektet nok. Dette er det første naturreservatet i Hordaland som er skikkeleg på «stell», og det er dei stolte over. I tillegg til godt samarbeid med grunneigarane skryt dei og av samarbeidet med Amfibie service som har utført jobben på ein svært tilfredsstillande måte. Det var sjølvsagt ein høg terskel for å gå inn å gjera noko i eit verna område, og det var ein del kritiske røyster i starten. No håpar dei at desse har stilna, og at alle ser verdien av det som er blitt gjort. Mennene i Amfibie er like entusiastiske og har likt å jobba med dette prosjektet som dei ser på som svært stort.

Eit så stort og omfattande skjøtselstiltak som det som har vore gjort her i Rimbareidtjørna har aldri vore gjennomført tidlegare. Både Magnus Johan Steinsvåg og Stein Byrkjeland er tydeleg letta når denne fasen er over, og konstaterer at dei er svært fornøgd med det som har vorte gjort og med resultatet. I tillegg til det konkrete arbeidet med Rimbareidtjørna har ein og utvikla viktig kompetanse. Målet med arbeidet har vore at det skal sjå naturleg ut, men foreløbig er det litt massar med flytetorv som er blitt flytta og som ser ut som moldhaugar før dei har fått gro til igjen.

Medan Sigbjørn Aanonsen i Amfibie service haldt på å grava oppdaga han eit spesielt lite trestykke. Ved nærare ettersyn viste det seg å vera ein tresko, av god gamal årgang, men godt bevart i den sure massen ved flytetorva midt i myra. Ein kan stilla seg mange spørsmål om korleis den hamna der og kor gamal den kan vera. Nokre grunneigarar meiner at det var ein mann som drukna i Rimbareidtjørna. Mannen fann dei etterpå, men hadde han då begge treskoa på seg? Og er historia sann? I følgje bygdeboka var det ein  frå Fitjar som drukna i eit vatn i 1867. Han heiter Martinus Rimbareid og budde på Tongane, like ved Rimbareidtjørna og kan sjølvsagt ha drukna her. Det kan vera hans sko. Men i følgje bygdeboka var han kun 12 år då han drukna, og skoen kan då kanskje virka litt for stor. Uansett så er no den spesielle treskoen overrekt til rådmann Atle Tornes for at den skal takast vare på her i kommunen.

Arbeidsfolka frå Arendal har no pakka saman og reist heim med maskinane sine. Det siste dei tok med var den litle lette båten med påhengs. Eg fekk heilt til slutt ei «once in a lifetime»-oppleving der eg fekk sightseeing rundt heile tjørna i den litle båten som kun veg 60 kilo. Målet var fotografering, men ein tidleg grå og regnfull morgon gav dårleg lysforhold for ein hobbyfotograf som meg, men opplevinga var stor, og når ein kjem utpå vatnet så ser ein at arbeidet som er gjort er mykje større enn det ser ut frå land. Så spørs det kor tid eg kan få sjå Rimbareid frå den vinkelen igjen. Eg kan jo håpa på skeiseis på tjørna til vinteren….

No håpar me alle at dei raudlista fugleartane vil nytta det dyrt påkosta badebassenget sitt!