-Med dette kunngjer vi kandidatlista som vert lagt fram ved soknerådsvalet i Fitjar den 14. september 2015, skriv soknerådsleiar Torunn K. Aarskog i ei pressemelding. Av dei som er med i noverande sokneråd, er det berre Rasmus Fitjar som har sagt ja til attval. 

-Lista er godkjent av soknerådet og inneheld 16 namn.  I soknerådet skal det vera 8 valde medlemer, og det skal veljast 6 varamedlemer.  I tillegg er soknepresten medlem av soknerådet.

Medlemene vert valde for 4 år. Alle som er oppført på lista er blitt spurde og har sagt ja til å vera kandidatar.  

Sidan det berre er eitt sokn i Fitjar, har soknerådet og ansvar for sakene som kyrkjeleg fellesråd har til vanleg.  Dette gjeld drift, vedlikehald, økonomi og personal.  Rådet er då utvida med ein representant som vert oppnemnt av kommunen.  

Kandidatane på lista har ulik alder og bakgrunn,  noko som er positivt med tanke på samansetninga av soknerådet.  Vi håper på stor valdeltaking ved soknerådsvalet 14. september!, heiter det vidare i pressemeldinga.

Her er lista:

 

 

Namn

Fødselsår

1

Terje Havro

1964

2

Helga Olsen Aadland

1978

3

Rasmus Fitjar

1944

4

Bodil Nesse

1946

5

Gunnvald Aarbø

1968

6

Sigrid Marie Fangel

1961

7

Sindre Aarbø

1997

8

Solbjørg Tverderøy

1968

9

Peder Rygg Drønen

1943

10

Aase Rygg Nøttveit

1960

11

Karvel Atle Strømme

1940

12

Else Marit Morsund Koløen

1969

13

Arne Prestbø

1968

14

Mette Lambach

1962

15

Tove H. Løland Aarskog

1953

16

Sigrund E. Kulleseid Westerheim

1958