– LC Stord Fitjar set i gang ein aksjon for å samle varme klede og skor til flyktningar i ein leir for syriske flyktningar i fjella i Libanon, heiter det i ei pressemeding.

– Tidlegare har Lions Noreg samla inn pengar slik at barna i leiren skal få fortsette skolegang, sjølv om dei er flyktningar. Flyktningane går, som oss, vinter i møte. Snart kjem snø, sludd og kulde til dei og. Tynnkledd og berrføtt er dei ikkje godt rusta til dette. Alle skulane i Fitjar og Stord er oppmoda til å ta del i aksjonen.

Levering på Vabakkjen

Me får vidare vite at Svein Hatlevik i Sunnhordland Eiendomsinvest stiller lokale til rådvelde for innsamling og pakking av sko/klede i lokala hans på Vabakkjen (tidlegare Montér).

Lokala er opne for innlevering:
Fredag 26. september   kl. 12.00 – 15.30 

Laurdag 27. september kl. 10.00 – 14.00

– Vi vonar at både private, skular/barnehagar og firma vil hjelpe til slik at borna i fjella i Libanon kan gå ein «litt varmare» vinter i møte og at vi kan bli litt varmare om hjartet ved å hjelpe, les me, til slutt.

Ingressfoto: Foto: Kirkens Nødhjelp