Då me laurdag føremiddag stakk innom Øvrebygda bedehus, var det full aktivitet i fleire rom, ja til og med utandørs.

Som eit av bileta viser, stod det ei lang rekkje med born og venta på tur til å lage talgalys. I gongen vart me møtt av god kakelukt. På kjøkkenet var alt mange brett med kakemenn, koner og dyrefigurar steikte. Både gutar og jenter viste at dei kunne kjevle tynne leivar.

Det var valfritt kva  dei ville lage av diverse juleting: pynta kuler, julekort, stjerner og englar. Gammaldagse juletrekorger og lekkjer var visst og av interesse. Ved eitt av borda var det høve til å bruke hammar og lage oppheng til hugselappar. Dei minste fekk litt hjelp av foreldre eller av leiarane.

Etter to timars aktivitet, samla alle seg i storsalen til andaktsstund. Brynhild Stautland fekk borna til å høyre etter då ho fortalde og viste ein annleis julekalender. Snart kom grautskålene på bordet. Små og store (mellom 50 og 60 personar) kosa seg i lag. Kakebaksten smaka og godt, saman med saft og kaffi.