Dei nye valfaga er meir praktiske enn dei som var før. Det likar elevane på Rimbareid skule. Fitjarposten tok ein runde på gruppene i 8. kl som har fått prøvd seg på det nye.

På Rimbareid skule har ein starta opp med: Sal og scene, Design og redesign, Teknologi i praksis og Fysisk aktivitet og helse. Etter ein runde der me var innom dei forskjellige gruppene kan me så lang trygt slå fast at dette er noko elevane trivst med. For einskilde er det høgdepunktet i veka.

Sal og scene 
var tydelegvis ting på gang. Me plukka med oss Torstein Træet, Hedda Kongestøl og Anna Thorland for å få vite litt meir. Og det kjem kjapt: – Me har allereie framført eit teaterstykke om 1. skuledag. Her laga me alt sjølv, før me hadde framsyning for andre elevar på skulen. Det kribla litt i magen før det skulle skje, men det gjekk greitt. Folk lo og syntest stykket var morosamt, smiler dei. – Så var det kjekt å få øva på å framføre noko, så me ikkje blir så flaue, legg dei til, og skryt over Pia (Ann-Sofie Drønen) som er læraren deira: – Ho er heile tida så positiv og full av idear. Og ingen ide me kjem med er dårleg, let det. 

Teknologi i praksis
På naturfagsalen syner videokanonen tekniske oppsett som elevane studerer ved hjelp 
av lærar Magnar Kloster. Også her finn me engasjerte elevar, men av ein eller annan grunn berre gutar. Me er på Teknologi i praksis.

– Me har skrudd, opna og sett på korleis forskjellige ting er bygt opp, me har lært om syre og batteri og om brukonstruksjon. No skal me laga hus i 3D, fortel dei. Ikkje overraskande svarar gutane at det har vore spesielt gøy å skru opp ting for å sjå korleis dei ser ut inni – og dei gler seg til å utforske ting vidare.

– Og så er det kjekt at me stort sett sjølv får bestemme kva me skal jobba med innanfor rammene for faget, seier gutane til slutt.

Frå Design og redesign
får me med oss 
Sander Thomassen, Emilie Haukeland og Thea Vestbøstad som me fann på formingsavdelinga, i lag med ein smilande gjeng 8. klassingar og lærar Kristin Drønen.

Gruppa er godt nøgde med faget dei har valt.

– Me har redesigna kommode og eplekassar. Spesielt vart det mykje gøy ut av eplekassane. Dette var eit heilt fritt redesigningsprosjekt. Eplekassene vart til dømes til puffar, hyller og kattehus, får me vite. At det heile er kjempegøy, veit dei òg å fortelje oss.

Også desse elevane visste å setje pris på fridomen dei fekk til å utforme produkta slik dei sjølve ville. Særleg populært er det at dei kan ta med ting heimanfrå og redesigne dei.

Fysisk aktivitet og helse
Denne gruppa var på Fitjar Treningssenter då me kom på besøk like før økta var slutt. Då hadde dei køyrt igjennom eit tøft treningsprogram og var både raude og sveitte i andletet, men å trena er noko dei likar godt.

– Ja, det er kjempegøy å trena, seier Joakim Isdahl Helland, Andreas Vik, Stine Korsvik og Tor Andre Spissøy, dei fire me har plukka ut denne gongen.

Dei kan vidare fortelje om mykje gøy dei har vore med på, som: Mesternes Mester der dei mellom anna skulle hengje etter armane så lenge som mogeleg, kaste egg – og mental trening der dei skulle stå på treblokker mens dei vart «spylt» med bøttevis av kaldt vatn. Elles får også desse elevane i stor grad bestemme sjølv kva aktivitetar dei vil jobba med.

Men faget heiter ikkje berre Fysisk aktivitet. Helse er også med i fagnamnet. Difor skal dei på kjøkenet og lage sunn mat. Det blir òg spennande.

Les meir om faga i papirutgåva av Fitjarposten som kom i dag.