Fitjarposten.no har tatt kontakt med kultur-og informasjonsjef Bente Bjelland etter å ha fått tips om aktuelle Farmen-gardar i Fitjar. Ho fortel at kommunen har fleire framlegg til ein høveleg Farmen-gard.

Eitt av dei første alternativa som ein tipsar nemnde, var Færøysund, men staden er uaktuell. Eigar Harald Johan Sandvik stadfestar førespurnad, og seier at garden i Færøysund er opptinga for mest heile 2014 og delar av 2015. Han synest det er ei spennande sak, men det ville ikkje la seg ordne å kansellere avtalene som er gjort. Bente Bjelland seier at ho har samarbeidd med Aase Nøttveit (fagkonsulent i landbruk) for å finne andre høvelege stader i kommunen vår. I ettermiddag er det meldt inn to gode kandidatar, det vil seie to små gardar. Dette er gjort i samråd med eigarane, men dei ønskjer ikkje at namna skal kunngjerast enno.

Bladet Sunnhordland skriv i dagens avis at dei fleste kommunane på Vestlandet har fått spørsmål om ein høveleg Farmen-gard. Aktuelle stader i tillegg til Fitjar er Huglo, Åkrafjorden, Kvinnherad og Sveio. Det er Samarbeidsrådet for Sunnhordland som formidlar førespurnad om ein ny Farmen-gard på vegner av reiselivsorganisasjonen Fjordnorge. Det vert sjølvsagt stilt ein del krav mellom anna til plassering (i nærleiken av vatn eller fjord) og storleik. Den aktuelle garden må vere disponibel frå 15. mai og opptak startar i juli. Bente Bjelland seier til slutt at det hasta med å sende søknad, fristen var utruleg kort.

Som ein liten kuriositet kan det nemnast at fitjarposten.no hadde ein aprilspøk for nokre få år sidan om at Farmen ville kome til Engesund og Smedholmen. Det var i 2011. Mange gjekk fem på den gongen, minnest Håkon C Hartvedt.