Datasystemet svikta, og M/S «Fanafjord» dunka i kaien ved Sandvikvåg kl.04.00 i natt. Verken personar eller bilar vart skadd. 

Det var operasjonsleiar Agnar Martin Austerheim som opplyste dette i politiloggen for Haugaland og Sunnhordland politidistrikt i natt. Han fortalde vidare at det var mogeleg at det kan vere mindre skadar ved Bulben over vasslinja. Det vil bli nærmare undersøkt av dykkarar.

Politiet har rutinemessig sjekka og har hatt samtale med mannskapet som var på brua då samanstøyten skjedde. Og operasjonsleiar Svein Roald Vikse kan kunne kl 08.07 understreka overfor fitjarposten.no at det ikkje er snakk om promille. Datasystemet svikta, og ved manuell styring fekk ein sleng på båten, noko som førte til samanstøyten. Teknikarar vil no sjekke datasystemet, og dykkarar skal som nemnt ovanfor sjekke båten.

Avgangane til C-ferja er inntil vidare innstilt.