Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag speler. Foto: Ingrid Hovstad

Tradisjonelt 17.mai-tog vart det kanskje ikkje i år, men Fitjar skulekorps og Fitjar musikklag stilte som vanleg opp med nydelege tonar. For kva er vel 17.mai utan litt korps?

Flinke musikantar spela utanfor Fitjar bu- og behandlingssenter og ved Havnahuset. I tillegg var ei gruppa av musikantane tidleg oppe og spela under flaggheisinga ved Fitjar rådhus. Ved hjelp av teknologi kunne Fitjarbygda følgja dagens program over Youtube.

Ungdomsrådet styra både teknologi og leiar Ida Sandvik fungerte som programleiar.

– Hittil har det gått veldig fint, og det har vore kjekt, fortel Sandvik.

Elise og Hanan tykte det var skummelt å ha ansvar for teknologien, men ogso kjekt.

– Det er veldig kjekt at me får gjera sånn at alle i Fitjar kan vera med på feiringa. Akkurat no er det over 100 personar som har sendinga på, og det er sikkert mange familiar rundt same skjerm. So då er det jo ein del som faktisk ser på, seier dei to jentene.

Elise og Hanan likar ansvaret, men har ein viss ærefrykt for oppdraget med å spre 17.mai-feringa til bygda. Foto: Ingrid Hovstad

Må visa bunaden

Musikantane i Fitjar skulekorps fortel om ein spesiell, men mindre stressfullt nasjonaldag.

Det er rart. Eg saknar 17.mai-toget, men det er no litt godt å sleppa marsjeringa ogso, fortalde Selma. Ho sakna å feira dagen saman med vennar, og kjøpa is i sentrum med dei.

– Heldigvis har me is heima, og skal ha aktivitetar der seinare, fortel ho med eit smil.

Maria fortel at årets 17.mai-feiring er ein heilt ny vri på nasjonaldagen.

– Det er ikkje same stemninga utan tog og marsjering. Eg saknar folket langs tog-løypa, men samtidig er det jo mykje mindre stress utan det vanlege toget, småler ho.

Ho skal vidare å eta lunsj med vennar etter spelinga i sentrum, før ho må ein tur innom bestemor.

– Ja, må visa bunaden til besto, avsluttar ho.

Maria, Selma og Sigmund fortel om sin nasjonaldag. Foto: Ingrid Hovstad

Sigmund tykkjer regnet legg ein demper på dagen, men saknar egentlig ikkje den meir «normale» 17-mai-feiring.

– Det skal bli godt å slappa av, og ikkje gjera so mykje seinare, fortel han.

Måtte jo koma ei regnbya. Foto: Ingrid Hovstad