Ein diamant for kvar fødsel på Stord sjukehus i år.
Elevane på design og handverk ved Fitjar vidaregåande fekk i oppdrag å laga ei fødetavle til føden på Stord sjukehus.
– Elevane byrja på oppdraget før jul. Dei jobba i grupper og lagde to prototyper/idear som dei leverte til sjukehuset. Vidare bestemte sjukehuset seg for ein av prototypane/ideane og kom med litt endringar, fortel lærar Elen Kristine Myhre.
– Etter jul har elevane jobba med å laga sjølve fødetavla som skal visa kor mange gutar og jenter som vert fødd på Stord sjukehus.
På onsdag fekk elevane kome å sjå fødetavla som var montert på plass på føden.
– Dei på føden fortalte at fedrene fekk æra av å henga opp ein rosa «diamant» for jente eller blå «diamant» for gut, skriv Myhre.