Barmhjertighetsbussen arrangerte kledeinnsamling på Fitjar i helga, for trengande i Ukraina.

Det var ingen lang kø av folk med sekkar med kle ved Barmhjertighetsbussen, men likevel ein jevn straum dei 4 timane dei stod parkert godt synleg i Fitjar sentrum. Willy Ersland, leiar i Barmhjertighetsbussen, fortel at det ikkje er så lenge sidan sist dei var her. Dei var difor spende på om det i heile teke kom folk denne gongen, men det gjorde det sjølv om det ikkje var dei store mengdene.

1. januar i år vart butikken til Barmhjertighetsbussen på Stord, der dei tok imot klede tidlegare, avvikla. Dette med å køyra rundt i Sunnhordland for å samla inn brukte kle og sko er ein del av den nye strategien til Barmhjertighetsbussen. I tillegg til å samla inn kle held me då kontakten med folk i Sunnhordland, fortel Ersland, og seier at mange spør etter dei. Folk spør om dei kjem, og kor tid dei kjem, for å samla inn kle og sko. Det er allslags typar folk som kjem med bidrag på innsamlingane. Mange ynskjer seg eit alternativ til å kasta kle som dei av ein eller annan grunn ikkje brukar lengre, og er då glade for at nokon tek jobben med å samla dei inn og formidlar dei vidare til andre som kan ha nytte av dei.

Ei av dei som hadde venta på dette høvet var Elisabeth Moldestad, som allereie hadde sekken med avlagte kle frå ungane ståande heime i gangen då ho såg annonsa for kledeinnsamlinga. Elisabeth er ei av mange som synes det er for gale å kasta godt brukande kle og satte derfor stor pris på dette høve til å levera vidare kle som ungane hadde vokse ut av, men som fortsatt var godt brukande. Det såg og ut som ho gladeleg betalte dei 100,- i fraktsstøtte som bussen tek for å kunna frakta dette vidare til dei trengande i Ukraina.

Ersland fortel at det fortsatt er stor naud i Ukraina, og det er dit det som kjem frå våre overfylte garderobar vert sendt. Dei køyrer jamnleg med trailerlass til Ukraina, men før kle og sko kjem så langt skal dei innom sortering på Litlabø. Det er viktig at det som kjem med i trailaren på veg austover er heilt, reint og skikkeleg. Dei ynskjer ikkje å frakta med seg søppel. Det er mange frivillige som gjer ein stor innsats med sorteringa, fortel ein takksam Ersland. I tillegg til å sortera ut det som ikkje er brukande vert kle og sko sortert  etter om det er til jenter, gutar, damer eller herrer. Midt oppi sorteringsarbeidet kan det og dukka opp spennande og underhaldande ting som knivar og gebiss.

Klokka passerer to og den blide bussgjengen, som denne dagen består av Anne Lise Ersland, John Olvar Hystad og Bjørn og Ingunn Mikelsen i tillegg til Willy Ersland, pakkar saman sakene og tar med seg ein stor sorteringsjobb til Litlabø. Me håpar det ikkje går for lang tid før innhaldet i sekkane er på veg austover, og ynskjer dei som tek på seg den frivillige jobben god tur!