Ståande applaus til 5. klasse og lærarane deira Reidun Dyrøy og Gunn Evy Nilsen Haaland og dei andre som hjalp til med førestellinga.

5a og 5b på Rimbareid skule hadde ei flott framføring av syngespelet Den levande skogen for foreldre, søsken og besteforeldre torsdag kveld.

Etter over eit halvt års venting, og nesten like lang øving stod 37 spende 5. klassingar i garderoben for å bli sminka og få på kostyme. Salen vart fylte opp med nesten like spende foreldre, søsken, ein god del besteforeldre og ein roleg rektor, som nok visste at dette kom til å gå bra. To grantre (Henrik V. Ivarsøy og Kine Malene Sørfonn) selde billettar. Inntekta går til klassekassen.

Då teppet vart teke til sides vart me møtt av ein levande skog, som kunne både syngja, dansa og le. Me fekk møta harepusane Harald og Sonja som bur i skogen, det gamle bestemortreet, den gamle stubben og alle grantrea. Mykje god lærdom om skogen og dens verdi vart formidla gjennom replikkar og songar. Alle hadde ulike roller, anten som grantre i skogskoret, som song med stor innleving, eller som dyr eller menneske. For det kom og menneske til skogen. Ein familie samansett av to ungar som var svært så glad i naturen til foreldra Birger(Johannes Myhre) og Borghild (Åse Underhaug) si store fortviling. Det var mange morsomme replikkar og titt og ofta runga latteren i salen.

Den finaste songen, det er fuglesongen, song dei. Men jammen er det flott å høyra 5. klassingar syngja og. Eit flott skogskor med samstemd song og ikkje mindre enn 17 solistar. Det var spesielt gledeleg at mange gutar var frampå og song åleine, bl. a.  haren Harald spela av Sander H. Tverborgvik som hadde ei kraftig og god stemma og stubben Ola L. Fitjar som song svært klart og flott.

Det dukka og opp mange skuespelartalent, og me merka oss særskilt haren og byfrøkna som svært truverdige i sine roller, og så den flotte skogsarbeidaren (Marius A. Skår) som kom inn på scenen til slutt.

Kvar ein liten busk har stor verdi, song dei i velkomstsongen, som og vart nytta som ekstranummer etter ståande applaus. Og det same kan ein seia om desse flotte 5. klassingane, små eller store, dei har stor verdi. Og me unner dei så vel å få stå i glansen av positiv merksemd, ei god lønn for mykje øving og terping.

På gangen og i garderoben etter endt framsyning var det ein setning som gjekk igjen og igjen: Dåke va så flinke!

Fredag føremiddag vert det framsyning på skulen for 1.-4. klasse.

Ståande applaus til 5. klasse og lærarane deira Reidun Dyrøy og Gunn Evy Nilsen Haaland og dei andre som hjalp til med førestellinga.