Museumsdag på Årskog museum er levande kulturhistorie. Fitjarposten har laga ein biletreportasje over noko av det som møtte oss på Årskog i dag. Opplegget varer til kl. 17.00, så du har enno sjansen til å få med deg ein del av det som skjer. Bilete:  Spennande med teaterstykket «Tausene på Årskog». Foto: Håkon C. Hartvedt

 

«Tausene på Årskog» ved Janne Særstein Jünger og Astrid Elin Lønning handla om dagleglivet i Årskog for rundt 100 år sidan. Foto: Håkon C. Hartvedt

Unge billettørar. F.v. Synniva Aurora Bjelland Strand og Sindre Bjelland Strand. Foto: Håkon C. Hartvedt

Emilie Skram Isdahl laga seg eplekrans. Foto: Håkon C. Hartvedt

Solfrid Sandvik lagar flatbrød. Foto: Håkon C. Hartvedt

Triveleg på kipekurs. F.v Astrid Elin Lønning, Samsom Øvstebø (kursleiar), Dagfinn Lyngvær, Håvard Andersen pg Eliza Andersen.  Foto: Håkon C. Hartvedt

Karin Korsvik med heimelaga smør – og saup. Foto: Håkon C. Hartvedt

Ein liten rekonstruksjon av «Misjonsforeningen» på Årskog. F.v. Gerd Skumsnes som arbeider med bunadsforkle og dobbel uttrekksaum, Ingrid Sandvik og Bodil Raustein (hekling) og Kirsten Melkevik (kunststrikk).  Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Birte Titlestad spinner med ull frå angorakanin.  Foto: Håkon C. Hartvedt