Ei svært levande framføring av bibeltekstar, talande symbolhandlingar innimellom og eminent, men til tider litt for monotont og avdempa gitarspel, er vårt inntrykk etter temakvelden i kyrkja i kveld.

Med tekstar frå den nye omsetjinga av Bibelen til Det Norske Bibelselskap framførte Birgitte Bjørnstad Sæbø store delar av Johannesevangeliet utanåt i kyrkja kveld. Til nokre av tekstane knytta ho òg enkle forståelege og understrekande symbolhandlingar.

Gitaristen Ulla Käll fylte ut med gitarspel. I delar av påskebodskapen understrekte ho bodskapen på ein utmerket måte. Mellom anna i tekstane rundt Getsemane og krossfestinga. Sterkt og talande.

Men i dei jublande tekstdelane, mellom anna då Lasarus vart vekt opp att og om Jesu oppstode, syntest me ikkje at musikken fekk fram gleda. Det var som gitaristen var redd for å sleppe ho laus. For at Ulla Kâll er i stand til å spela mest kva som helst på gitaren sin, er me ikkje ein augneblink i tvil om.

I første delen syntest me òg at musikken var for mykje etydeprega. Det vert monotont i lengda. Me sakna «den vakre melodien» som ville kledd fleire av tekstutdraga godt.

Når dette er sagt, skal me skunda oss å leggja til at heilskapsopplevinga frå kvelden var svært god og oppbyggjeleg. Her fekk bibelorda tala sitt eige språk – og det er godt nok, og vel så det.