Fitjar hadde heimekamp og rundspela laurdag eit svakt Nordnes-lag som var flinkare til å banna enn til å spela fotball. Fitjatrlaget vann til slutt 4 – 2.

Men sifferne kunne like gjerne vore auka med 5-6 må på fitjarlaget sin konto.

-Me sløste med sjansane, men dette må eg likevel seia meg godt nøgd med, seier trenar Dicki Stensohn til Fitjarposten.

-Me dreit oss litt ut sist mot Fyllingen, men dette var bra, og me bør no klare å ta poeng i dei komande kampane òg, legg han til.