Ønskjer du å sikre deg lesestoff frå biblioteket til sommarfeirien, må du vere rask. Biblioteket tek sommarferie frå 24. juni til 5. august.

– Alt du låner får lånetid til 13. august, så no kan du sikre ferien med både lydbøker, filmar, pc-spel, tidsskrift og bøker, seier bibliotekar Silje Vågen Torbjørnsen, som ønskjer god sommar til alle!