Fitjar bu- og behandlingssenter. Foto Ragnhild Prestbø

Gladmelding frå ordføraren: Knut K. Rydlands Legat betaler for fire lesebrett til Havnahuset og Fitjar bu- og behandlingssenter.

– Det er no kjøpt inn fire lesebrett som kan brukast av dei som bur på Havnahuset og sjukeheimen. I desse tider, då det er vanskeleg å få kontakt med sine næraste, skal lesebretta vera til hjelp for å bøta litt på dette, opplyser ordførar Harald Rydland.

Han skriv vidare at det er leveringstid på lesebrett om dagen, men at det er meininga at tilbodet skal komma på plass første veka etter påske.

– Lesebretta vert betalte av Knut K. Rydlands Legat, som vart oppretta for vel 100 år sidan. Knut K. Rydland var født i 1864 på Rydland. Han reiste til Amerika og vart der resten av livet. Han oppretta eit legat som skulle brukast til gamleheim i Fitjar.

Dei som for tida er med i styret for legatet er Lars Rydland, Rasmus Fitjar og Roald Drønen. Styret har avgjort at ein del av legatet kan brukast til dette føremålet.

– Fitjar kommune takkar for denne gåva som vil vera til stor glede for dei som bur på heimane og deira pårørande, avsluttar ordføraren.