1. kandidat for Fitjar Sp har sendt oss eit lesarinnlegg om søndagsopne butikkar. Det kan du lese nedanfor. Foto: FP-arkiv / HJS

 

Tanker om søndagsarbeid og sånt!

Det har nett vore helg og søndag. Været har ikkje vore det beste denne helga, men pytt, ein har kosa seg så best ein kan med familie og venner. Nokon har nytt dei siste dagane av ferien sin denne helga. Sommaren skal eg ikkje sei så mykje om, bortsett frå at været kunne vore betre.

Det er søndagen eg vil snakka om. Den dagen i veka dei fleste av oss gleda seg til. Ein skal sova så lenge ein kan om morgonen, nyta ein god og lang frukost med familien eller åleine, gå tur eller gjera noko kjekt i lag. Kanskje laga ein god middag, kosa seg, berre vera i lag eller nyta roen. Gjera kjekke ting ein elles ikkje får gjort i ein travel kvardag. Ikkje skynda seg, stressa på  for heile tida å nå noko. Dette er kanskje drøymesøndagen for mange. 

Så set ein der då og kosar seg med sitt. Er ein heldig så tittar sola fram og ein kjenner seg døsig etter ei lang veke på jobb og god frukost i magen. No var det godt å få slappa av. Brått byrjar det å dura borti hagen til naboen. Det er plenklypparen hans som har starta, plenen skal klyppast må veta, rakk det ikkje før helga. Ikkje lengje etter høyrer ein blandemaskina hjå naboen over vegen, det skal lagast garasje. Så er det i gang , ein høyrer etter kvart både hammar og kantklyppar rundt omkring. Den etterlengta søndagsroen er øydelagt av lydar som ikkje høyrer søndagen til. 

Nei søndagen er ikkje det den var. No har ein det så travelt at ein har snart ikkje tid til å leva. Og no skal ein få det endå meir travelt, ein kan få handla på søndagen. Ein skal jo få handla når ein vil, meiner Regjeringa. Dette med søndagsopne butikkar, har nett våre ute på høyring, og høringsfristen er no ute. Dei fleste kommunane går imot. Det gjer arbeidsgjevarorganisasjonar og arbeidstakarorganisasjonar og. Kyrkja og folk flest går i mot. Likevel meiner Regjeringa at dette er noko ein vil ha. Ein vil venna seg til det. Regjeringa meiner det er mange positive ting i kjølvatnet av at alle butikkar kan halda ope. Dei nemner mellom anna både reiselivet, næringslivet, ein kan få auka stillinga sin, og at det vert lettare for skuleungdom/studentar å få helgejobb. Det dei snakkar mindre om, er at utgiftene til butikkeigarane stig, då vert og varene som ein skal kjøpa dyrare. Dei som i dag har små stillingar, ofte med mykje helgearbeid ( røde dagar som nokon sei ), som vil auka stillinga sin, vil nok måtte ta meir av søndagsarbeidet. Og om det vert fleire søndagsopne butikkar og lettare for skuleungdom/studentar å få helgejobb, må det likevel vera faste folk på jobb. Fleire av dei som i dag har fri på søndagen, må då inn og jobba. At det allereie er mange som alt jobbar på søndagen, er ikkje noko argument for at fleire skal måtte gjera det. Det er faktisk slik at mange av dei som dag må jobbe på søndag, ynskjer seg søndagsfri.

Er det verkeleg slik ein vil ha det, at søndagen skal bli som ein heilt vanleg anna vekedag?  Og kva dominoeffekt kan det i neste omgang få? Dette synest ikkje Senterpartiet noko om. Dei fleste vil ha søndagslukka butikkar, derfor seier Senterpartiet nei til søndagsopne butikkar, og det er eit verdival for oss. Det er me stolte av.

Fitjar Senterparti seier i programmet sitt: Nei til søndagsopne butikkar utover dei tilboda ein har i dag.

 

Grete Marit Veka Maraas

1.kandidat Fitjar Senterparti