Ordførarkandidat i Fitjar Ap, Agnar Aarskog, har sendt oss eit lesarinnlegg om kommunestruktur. Lesarinnlegget kan du lese nedanfor. Foto: FP-arkiv/HCH

Fitjar kan klara seg sjølv

Fitjar Arbeidarparti meiner at Fitjar kommune kan klara seg sjølv også i framtida.  

Debatten rundt spørsmålet om kommunestruktur har nesten vore fråverande i valkampen.  Dette er faktisk ei av dei viktigaste sakene i valkampen denne gong.

Fitjar Arbeidarparti har sagt at det som må vera avgjerande for debatten, er om Fitjar-buen får betre tenester av ei storstilt kommunesamanslåing.  Dersom nokon kan leggja fram prov på at det vil skje, så vil me tilrå innbyggjarane i Fitjar å seia ja til kommunesamanslåing i ei folkerøysting!

Det har i om lag eit halvår vore jobba med denne saka på fleire plan, til no er det ikkje komen fram noko som tilseier at me får betre tenester ved ei eventuell kommunesamanslåing.

Fitjar Arbeidarparti ser at Regjeringa frå Høgre og Frp har ein iver etter å slå saman kommunar. Dette ein lekk i sentralisering og urbanisering av heile landet!  Det ser ut til at berre det vert «stort nok», så skal alt verta betre, anten gjeld politi, kommunar, sjukehus og andre statlege verksemder osv.. 

Erfaringane frå kommunesamanslåinga i Danmark levnar ingen tvil, det førte til ei sentralisering og fråflytting frå mindre kommunane som vart slått saman med større kommunar.  Me fryktar at det same kan skje dersom ein slår saman fleire kommunar her i Sunnhordland.

Fitjar Arbeidarparti har ikkje tru på at det vil verta ein god kommune å bu i, dersom det eventuelt vert ein storkommune i Sunnhordland. Avstandane frå der vedtaka vert gjort og til innbyggjarane vert stor, og påverknaden på kva som skal skje i eige nærområde, vert sterkt redusert.  Me trur også at grendaskulane vil forsvinna og mange arbeidsplassar vert sentralisert, det vil igjen kunna føra til fråflytting og ytterlegare sentralisering mot det nye kommunesenteret.

Ei stemme til Fitjar Arbeidarparti vil vera ei stemme til eit parti som set innbyggjarane sine tenester i høgsetet! 

Me vil  arbeida mot sentraliseringa og leggja vekt på at Fitjar framleis skal halda fram som eigen kommune!

Ha ei godt val!

Med venleg helsing

Agnar Aarskog

Ordførarkandidat