Ordførar Wenche Tislevoll har sendt oss eit lesarbrev som du kan lese nedanfor.

Med hjarta for Fitjar 


Eg har hatt både gleda og det store ansvaret det er å leia kommunen i 4 fantastiske år. Saman har me fått til mykje. Mange saker har me handsama, alle med det for auga at Fitjar skal verta ein endå berre stad å bu, for alle!  Fitjarbygda har hatt ei positiv utvikling på svært mange områder.


Gjennom desse åra har eg lært samfunnet vårt å kjenna på nye måtar.  Eg har knytt kontaktar og skaffa meg eit nettverk og relasjonar som er sers viktig for å kunne påvirka lokalt, regionalt og nasjonalt i viktige saker for kommunen. 

Å driva ein ansvarleg økonomisk politikk med fokus på å utvikla Fitjarsamfunnet med gode tenester utan å auka kostnadsnivået for innbyggjarane har vore viktig for oss.  Me skal fortsatt ha stort fokus på dette og vil halda fram med å redusera eigedomsskatten neste periode, utan at dette skal gå utover tenestene.  

Fitjar kommune har i dag klart lågast eigedomsskatt på bustader i Sunnhordland. (Utanom Austevoll som har fjerna skatten).  

No er me på veg inn i ein ny periode og ein av dei mest krevjande sakene er kommunereform.  Fitjar Høgre er imot tvangssamanslåing av kommunar.  Det aller viktigaste for Fitjar Høgre er å sikra dei beste tenestene til innbyggjarane no og i framtida.  Før me har fått meir kunnskap kan me ikkje sei verken NEI eller JA til å skapa ein ny kommune. Og før ei slik avgjerd skal innbyggjarane høyrast i ei rådgjevande folkerøysting. 

Høgre sine kandidatar er svært motiverte til halda fram arbeidet med å skapa ei livskraftig Fitjarbygd. Arbeida for at innbyggjarane skal ha dei beste tenestene no og i framtida. Vera gode medspelarar for næringslivet og gje det best moglege arbeidsvilkår for både vekst og nyskaping.  

Ynskjer du oss i førarsetet og meg som ordførar dei neste fire åra må du gje di stemme til Høgre.   

Godt val ! 

 

Wenche Tislevoll

Ordførarkandidat