Eg må få lov til å senda Fitjarposten reaksjonen min på artikkelen «Fint framfor Fitjar rådhus til 17. mai», som dykkar utsende medarbeidar har skrive.

Er dette fint?

Eg kan gå så langt som til å vedgå at dette er heilt vedlikehaldsfritt, men fint? Når me tenkjer på villnisset som herja i beda før, så er jo forklaringa grei: «Lat oss bli kvitt arbeidet med desse beda og få noko som me slepp å gjera noko med!»

Eg har ein sterk mistanke om at det er dette som har vore i tankane til dei som har bestemt dette (kven er dei, forresten…?)

Det vitnar i beste fall om mangel på sans for det som gjer eit uteområde – spesielt området rundt bygdas rådhus – vakkert og innbydande.

Eg vil kalla dette «steinbedet» eit estetisk magaplask, sett i høve til den flotte oppgraderinga som elles er gjort rundt Fitjar rådhus.

Fitjar, 3. mai 2015

Karvel Strømme

- Annonse -