Ordførar Harald Rydland har sendt oss eit lesarbrev vedrørande ein artikkel i Sunnhordland i dag. Lesarbrevet følgjer nedanfor.

Eksplosiv auke i kommunetilsette i Fitjar

Som ordførar likar eg ikkje at nokon snakkar dårleg om Fitjar og vil difor kommentera ein reportasje som sto i Bladet Sunnhordland torsdag den 8. september.

I reportasjen vert det slege stort opp at talet på tilsette i Fitjar kommune har auka dramatisk dei siste åra, og det vert langt på veg slege fast at dette vitnar om dårleg effektivitet i drifta. Den statistikken som vert brukt her er ikkje særleg godt eigna for å analysera verken det eine eller andre. Her er det talet på alle som har fått løn frå kommunen som kjem fram og ikkje talet på årsverk brukt i tenesteproduksjonen.

Det er rett at Fitjar kommune har hatt stor auke i talet på tilsette dei siste åra. Det skuldast først og fremst at me har teke i bruk 11 fleire sjukeheimsplassar og fått ansvar for fleire svært tunge omsorgsoppgåver utanom. For å få gjort jobben her treng ein å tilsetja folk. I tabellen kan det og  sjå ut som at Fitjar kommune er kraftig overadministrert, noko som ikkje stemmer dersom ein ser på meir truverdige målingar.

Den mest truverdige måten å finna ut av kvalitet og effektivitet i kommunane, er å sjå på KOSTRA (søk på Google). Der kan alle som vil gå inn og sjå korleis kommunane kjem ut i forhold til einannan når det gjeld kostnader til skule, helse, administrasjon m.m. I dette talmaterialet kjem det klårt fram at Fitjar i høve til liknande kommunar ikkje står tilbake når det gjeld kvalitet og effektiv drift.

Tal og statistikk kan vera farlege greier. Om ein vil, kan det brukast til å forvrenga fakta og villeia folk. Eg meiner det eg har komme med her skal vera til å lita på.

Harald Rydland