No kan du vera med på å gjera Fitjarposten.no enda betre. Me startar forsiktig opp med ”Lesarane sine sider”. Me håper du blir med.

Først ut på ”Lesarane sine sider” er tenesta ”Send ei helsing” der du kan sende ei helsing til familie, venner og kjente? (f. eks. helsing, nyfødt, gratulasjonar, nygift). I tillegg til tekst kan du sende inn bilete og teikningar, i første omgang via post og e-post. Tenesta er gratis!

Send ei helsing i dag

I tida framover ønskjer me å lansera fleire tenester under ”Lesarane sine sider”. Til dømes ”Lesarbilete” og ”Lesarartiklar”. Kom gjerne med forslag til andre tenester – det skal tross alt vera lesarane sine sider. (Forslag til forslag: oppskrifter, lesartips (film, bøker osv.), reisebrev osv.).

Me startar med tenesta "Send ei helsing" og utvidar etter kvart som me ser at dette er eit tilbod som du som lesar ønskjer.;)

Start med å senda ei helsing