Send inn lesarartiklar, lesarbrev, lesarbilete, helsingar, ris & ros, og meir, og ver med på å gjera fitjarposten.no til ein betre lokal nettavis.

Lesartiklar
Det skjer ein heil del i bygda vår, og me har naturlegvis ikkje kapasitet til å dekka alle dei ulike arrangementa og hendingane åleine. Me veit det er fleire som har med seg kamera på ulike arrangement i Fitjar, og som også skriv. Har du vore på eit eldretreff, eit møte, ein fjelltur, ein konsert, eit idrettsarrangement, ein utstilling, kan du senda din eigen artikkel med (eller utan) bilete til oss. Ønskjer du å skapa litt blest om ei hendig eller eit arrangement du meiner andre kan ha glede av – oppfordrar me deg til å senda inn ein lesarartikkel. Me er interessert i lesarartiklar frå både born, ungdom, vaksne og eldre. Artiklane vert publisert på fitjarposten.no, men kan også verta publisert i papiravisa.

Send lesarartikkel til post@fitjarposten.no.

Lesarbrev
Med eit lesarbrev kan du dela dine synspunkt og idear om det som skjer, eller burde ha skjedd på Fitjar, eller i landet og verda for den saks skuld. Me oppfordrar våre lesarar til å engasjera seg i det lokale ordskifte – til å vera med å påverka utviklinga i kommunen og sitt eige nærmiljø.

Lesarbrev finn du her

Send ei helsing
Med tenesta ”Send ei helsing” kan du senda ei helsing til familie, venner og kjente? (f. eks. helsing, nyfødt, gratulasjonar, nygift). I tillegg til tekst kan du sende inn bilete og teikningar, i første omgang via post og e-post. Tenesta er gratis!

Send ei helsing i dag

Lesarbilete
Enten det er vinter, vår, sommar eller haust er det alltid augneblink og opplevingar som kan delast med andre. Me er interessert i lesarbilete frå både born, ungdom, vaksne og eldre. Ta bilete og send dei inn til fitjarposten.no – og del dine blinkskot med andre. Lesarbileta vert publisert på fitjarposten.no, men kan også verta publisert i papiravisa.

Lesarbilete finn du her

Ris & Ros
Send inn ris og ros til dei som måtte fortene det.

Ris & Ros finn du her

Forslag til fleire tenester
Som tidlegare nemnt ønskjer me å lansera fleire tenester under ”Lesarane sine sider”. Kom gjerne med forslag til andre tenester – det skal tross alt vera lesarane sine sider. (Forslag til forslag: oppskrifter, lesartips (film, bøker osv.), reisebrev osv.).

Da skjer på Fitjar
Elles veit me at det skjer ein heil del på Fitjar som me, av ulike grunnar, ikkje får med på aktivitetskalenderen vår, ”Da skjer på Fitjar”. Tips oss om arrangement slik at me alle kan sjå kva som skjer i bygda vår. Arrangementa vert publisert på fitjarposten.no og i papiravisa. Tenesta er gratis!

Registrer ditt arrangement gratis her