Ordføraren takkar for besøket. Frå venstre ordførar Wenche Tislevoll, adm. dir. Willy Berglund, prosjektleiar Jesper Økland og plassjef Svein Nøttveit. Foto: Harald Johan Sandvik.

Lerøy Sjøtroll presenterer storsatsing ved Kjærelva 

Leiinga informerte i går formannskapet om ei storstilt utbygging på området som me i daglegtale kjenner som Fitjar Laks.

I formannskapsmøtet i dag møtte det tre personar frå det som no heiter Lerøy Sjøtroll Kjærelva: Adm. dir. Willy Berglund i Lerøy Sjøtroll, prosjektleiar Jesper Økland, til vanleg produksjonssjef setjefisk, og den lokale plassjefen Svein Nøttveit.


Adm. dir. Willy Berglund informerer formannskapet om prosjektet. Foto: Harald Johan Sandvik.

Dei presenterte ei storstilt utbygging på området som me i dagleg tale kjenner som Fitjar Laks.

Stort sett heile den noverande bygningsmassen skal rivast. Smolten skal flyttast, siste lasta går denne veka. Rivingsarbeidet startar i løpet av to månader. I staden vert det bygt eit heilt nytt anlegg på 14.000 m2 som skal verta konsernet sitt hovudanlegg for laksesmolt, og utbygginga skal vera heilt ferdig i august 2019. Produksjonen skal aukast frå 5 mill. smolt årleg i dag, til 2,4 mill. smolt fem gonger i året, til saman 12.000 smolt årleg. Anlegget har ein konsesjon på inntil 20 mill. smolt i året, og den skal utnyttast fullt ut over tid. Første rogna skal vera på plass i anlegget i mai 2018. Yngelen skal vera ni veker i anlegget og passera mange stasjonar innomhus etter som den veks. 

Alt vatn vert reinsa både ved inntak og utslepp. Det skal heller ikkje vera partiklar eller lukt i utsleppet. Lerøy Sjøtroll Kjærelva legg stor vekt på at dei skal vera ein god nabo, og dei skal gjera alt dei kan for å løysa eventuelle utfordringar som kan dukka opp. 

Dette er ei investering til mange hundre millionar. 

Utbetringa av vegen til Kvedno var ein nødvendig første fase i utbygginga. Alt utstyr i byggeperioden kjem med bil. Det vil vera opp mot 100 personar i arbeid i byggeperioden, og dei skal innlosjerast i to store brakkeriggar som vert bygt ved vegen vest for Fitjar Sjø og Camping på Spona. 

I driftsfasen vert det 25 tilsette, mot 8 i dag.   

Konsernet valde Fitjar på grunn av areal, grunneigar, vasskvalitet og at Fitjar er ein god kommune å driva næringsverksemd i.


Stikkord i prosjektet.