Om lag femti interesserte fitjarbuar fylte møtelokalet på Fitjar Fjordhotell då Karl Sandvik presenterte dei nye leilegheitene i Rossneset torsdag kveld.

Utbyggjar Karl Sandvik i Havnehagen AS gjorde sjølv greie for prosjektet Storhaugtun i Rossneset, før han gav ordet til samarbeidspartnarane sine. Han fortalte om arbeidet med byggjefeltet i Rossneset frå planarbeidet tok til i september 2005. Han delte ut mange lovord til Fitjar kommune og dei lokale grunneigarane, som hadde vore positive til prosjektet.

I Rossneset er det 135 bustadtomter, fortalte Karl Sandvik. I omådet er det heile 212 dekar friområde, det er funne plass til leikeplass, ballbinge og skaterampe. Etter kvart vil det bli bygt ferdig naust og bryggjer, gangvegar og rekreeasjonsområde med grillplassar.

Det står att fem område for konsentrert bustadbygging, og arkitekt Jo Kjetil Nielsen har laga eit prosjekt for utbygging av desse: «Ein perfekt stad for vakre øy-blikk». Arkitekten gjorde greie for utviklinga av prosjektet, og la ikkje skjul på at han synest det er spesielt kjekt å koma til Fitjar. Han har hatt eit godt samarbeid før med byggherren i spanande prosjekt, sidan oppstarten av reguleringsarbeidet i 2005.

– Her finn me fleire område som er godt eigna for husklyngjer, sa arkitekten. Her er topografien variert, og byggelandet ligg både lunt og ope til, solrikt, og med nærleik til sjøen, idrettsanlegget og Fitjar sentrum. Han har vore oppteken av naturen og steingardane som er historiske spor frå generasjonar før oss. Han vil ta vare på topografi og landskapsformer, og byggja på ein slik måte at ein skaper interessante uterom for samvær.

Første byggesteget inneheld 13 bustader i storleik frå 75 til 168 m2. Her er funne plass til eitt seniortun og nokre kjeda små bustader i tillegg til ei stor leilegheit på enden. Bustadene er knytte til uteområdet, rundt eit fellesareal. Arkitekturen er moderne, med store vindauge, som skal fanga sollyset.

Oppdraget med å realisera ideane til byggherre og arkitekt er gitt til Idealhus, som var representert ved dagleg leiar Arve Hindenes. Firmaet hans har erfaring med fleire seniortun, og har fått gode tilbakemeldingar. – Det er ein god måte å bu på, sa han, den gir eit nytt sosialt liv og tryggleik. Hindenes minte dei interesserte tilhøyrarane på tilval, at det gå an å gjera tilpassingar etter den enkelte sin smak og ønskje. – Men det gjeld å vera tidleg ute, for bustadene vil stå ferdige til jul i år!

Victoria Nordnes presenterte samarbeidspartnaren Sparebank 1 SR-Bank Stord. – Me har lyst på masse kundar i Fitjar! sa ho. Eigedomsmeklarane Bente Faksnes og Ove Sagenes arbeider tett med banken, og fortalte om fordelane med å kjøpa på prosjekt i motsetnad til å kjøpa ferdig bustad. – Dersom du kjem tidleg på banen, er det lett å gjera endringar etter eige ønskje, sa Bente Faksnes. Ho minte om at leilegheitene ikkje er komne ut på marknaden enno. Om eit par veker vil dei vera å finna på nettstaden finn.no. Og då er det første mann til mølla!

– Men de som er her i kveld, kan få reservert ei leilegheit, sa Bente Faksnes. Fitjarbuen er som vanleg interessert i nye ting, og hadde mange spørsmål både til byggherren og til eigedomsmeklarane. Men dei liker tydelegvis å tenkja seg om. Eigedomsmeklaren fortel at det var to som reserverte leilegheiter torsdag kveld, og så er det berre å venta og sjå kva som skjer når bustadene blir lagt ut på den opne marknaden.